
14 Onsdag 7. oktober 2009 Regionavisa
sjå kva
som skjer!
– Temaet for Hareidsstemna i
år er ”Frø” i den vidaste tydin-
ga av ordet. Hareidsstemna
sin visjon er å vere ein arena
for unge talent, og vere eit
springbrett for desse, for-
tel stemneleiar Kari Janne
Ringstad.
Hareidsstemna 2009 blir arrangerte i dagane
10. til 18. oktober, og Ringstad gler seg til
innhaldsrike dagar med blant anna ei norges-
premiere på programmet.
– Til dømes hadde vi Nordic Tenors her,
og no er dei verkeleg vorte kjende i regionen
og ellers. I år har gruppa Nightingales nor-
gespremiere her på Hareid, og eg vonar at vi
kan vere med på å gjere desse flotte artistane
kjende, seier Ringstad.
Nightingales
Nightingales består av fire kvinner som
kvar for seg har gjort seg bemerka som
artistar. Heidi Ruud Ellingsen vann blant
anna ”Drømmerollen” på NRK i 2007, der
premien var rolla som Kathy i musikalen
Singin’ in the Rain. Christine Guldbrandsen
kjenner nok dei fleste igjen som deltakar i
Melodi Grand Prix med songen ”Alvedans”.
Karianne Kjærnes er nok den av jentene
som har halde seg mest i bakgrunnen, men
dette endrar seg sikkert med Nightingales.
Kjærnes var blant anna med til Moskva og
kora for Alexander Rybak då han vann den
internasjonale finalen i Grand Prix. Helene
Bøksle er også med i firkløveret, og ho har
blant anna sunge under utdelinga av Nobels
fredspris som 13-åring. Bøksle sin musikal-
ske stil er ei blanding av pop og folkemusikk.
– Nightingales har med seg eit seksmanns-
orkester til Hareid, og dei vil nok syngje litt
åleine, og litt saman med orkester. Musikalsk
opererar Nightingales i krysningspunktet
mellom folk-, pop- og eit symfonisk uttrykk,
frå det nære og lavmælte til det storslagne
lydbiletet, fortel stemneleiaren.
Festtalar
Det er mange kvinner på programmet til
Hareidsstemna i år, og ikkje minst er årets
talar under Stemnefesten ei kvinne, Karita
Bekkemellem.
– Karita Bekkemellem sa ja med ein einas-
te gong vi spurte ho om å halde tale, og ga
uttrykk for at ho gledde seg til å kome til
Hareid. Eg gler med til å høyre kva ho har
på hjartet, kanskje fortel ho litt frå boka si?
Bekkemellem står veldig fritt til å snakke om
det ho ønskjer, men ho er klar over den raude
tråden vi freistar å halde under stemna, fortel
Ringstad.
Ellers er det mykje anna som skjer på
Hareid denne drøye veka, blant anna blir det
konsert med Strings Unlimited, Hjørungavåg
Brass og Gollj og Gråstein. Eigen stem-
neutstillar av kunst, Håvard Vikhagen og
tryllekonsert for dei små er blant dei mange
arrangementa.
TEKST:
MONICA IREN MOE MASDAL
”Frø”
STEMNELEIAR: Kari
Janne Ringstad gler seg til
innhaldsrike dagar under
Hareidsstemna.
FESTTALAR: Årets talar under
Stemnefesten i Hareidhallen er
Karita Bekkemellem.
NORGESPREMIERE: Gruppa Nightingales har norgespremiere under Hareidsstemna, sŒndag 18.
oktober i Hareidhallen.
Commenti su questo manuale